Tannklinikken Valestrand
Tannklinikken Valestrand
Tannlegetenester sidan 1976
  • Tannklinikken 
    ​Valestrand

    Kvite heile tenner og frisk munn
  • Tannklinikken 
    ​Valestrand

    Vi har teke hand om tannhelsa på Valestrand og Osterøy sidan 1976.
    Hos oss kan du få utført eit vidt spekter av tannlegetenester
    Nye og gamle pasientar er hjarteleg velkomne
  • Tannklinikken 
    Valestrand

    På tide med ein sjekk?
  • Tannklinikken
    ​Valestrand

    Kvite heile tenner og frisk munn

Vi har teke hand om tannhelsa på Valestrand og Osterøy sidan 1976. 

Hos oss kan du få utført eit vidt spekter av tannlegetenester. 

Nye og gamle pasientar er hjarteleg velkomne!

Ingrid Raknes

ingrid@tannvalestrand.no
Utdanna allmenpraktiserande tannlege frå Det Odontologiske Fakultet i Oslo i 2005. Ho har erfaring frå privat og offentlig praksis og har spesialkompetanse både på implantatprotetikk med refusjon frå trygden samt lystgass og sedasjon (Likegyldighetsmedisin) . Hun har hjelpt mange med tannbehandlingsskrekk. Ved krevjande rotfyllingar bruker ho ofte mikroskop

Bjørn Raknes

bjorn@tannvalestrand.no
Utdanna tannlege frå De odontologiske institutter i Bergen ( no kalla Institutt for klinisk odontologi IKO under Det medisinske fakultet). Han har over 40 års tannlegeerfaring.

Privat tannlegepraksis etablerte han på Valestrand 1976 og ble bedt av Fylkestannlegen å avhjelpe det offentlege tannhelsetilbod frå samme tid. I en liten mannsalder har han undervist tannlegestudentane ved Odontologen med fordjuping i protetikk (krone,bro,proteser og bittfysiologi). Han utfører og ulike operasjoner i tilknytning tenner og munnhole.

Akutt Behandling

Ved akutt trong for tannbehandling gjer vi vårt ytterste for å hjelpa deg så fort som råd er. Vårt mål er å gje omsorgsfull hjelp til alle pasientar med akutte smertar same dag. Ringer ein tidleg på dag, er det lettare å få hjelp. Vi prøvar å ordna timeboka slik at vi kan hjelpa deg. Denne servicen gjer deg tryggheit som pasient hjå oss- men den kan også føra til at vi blir nødt å flytta på avtalte timar for at vi skal kunne få dette til. Vi håpar for forståing for dette- akutte tannsmertar kan ramme alle.

Nokre av tenestene våre

Fyllingsterapi

Det er ulike årsaker til at ei tann vert reparert med ei fylling. Vanligast er hol i tenna(karies), syreskader, tannslitasje eller knekt tann eller gamal utett fylling. Det vert i hovudsak benytta kompositt (plast) som fyllingsmaterial. Det er og mogeleg å laga støypt eller frest fylling i tanna som porselen eller gull. Amalgam vart forbode 01.01.2008. Kompositt er eit mjukt plaststoff, som er tilsatt mikroskopiske fyllpartiklar, for å oppnå rett styrke og konsistens. Fyllingsmaterialet vert hard, når tannlegen lyser med blått lys (ultrafiolett lys) på tynne lag av plastmaterialet. Kompositt vert limt til tanna og let meir att av tanna omsynes amalgam. Det gir ei naturlig tannfarga erstatning.

Bleiking

I våre dagar er det mange som bleiker sine tenner. Bleikinga bør skje i samråd med ein tannpleiar eller tannlege. Misfarging forårsaka av t.d. mat og drikke, kan ofte fjernast med pussing. Ligg misfarginga djupare i tanna kan ein bleiking være løysinga.\r\nPå tannklinikken Valestrand kan vi tilby heimebleiking. Det vert laga individuelle bleikeskinner med bleikemiddel som brukes i eit tidsrom 3-14 dager, avhengig av resultatet ein ynskjer. Før bleikinga må tennnene undersøkjast at fyllingar er tette, at hol er ferdigbehandla, at tannkjøtet er frisk og at tennene er reine før bleikinga tek til.

Kroner og broer

Ei krone er ei erstatning for ei øydelagd tann på grunn av djupe hol(karies) eller brudd der fyllingar ikkje lenger kan erstatte det store tanntapet. Rota på desse tenner er intakt. Kroner kan og bli laga for ei estetisk utbetring. Kroner vert laga i heilt porselen eller i ein kombinasjon av metall og porselen, der metallet er kjerna av krona. Tannteknikar lager krona på sitt laboratorium, etter avtrykk fra pasientens munn eller freses etter eit digitalt bilete av tanna. Stundom må den aktuelle tanna behandlast for tannkjøtsjukdom eller rotbetennelse før krona kan lagast. Dersom tanntapet er stort med lite eller ingen tann over tannkjøtet, må ein nytte stift(konus) for å gi feste for krona. Da må tanna først rotfyllast. Ei bru er fleire kroner som heng sammen og strekk seg over ein tannlaus del av kjevekammen (tannluke)

Undersøking

Ved ei ordinær undersøking ser vi etter hol og defekte fyllingar og syreskader på tennene. Tannkjøtet og slimhinner blir kontrollerte. Tyggemusklar og kjeveledd sjekkes for eventuelle plagar. Vanleg tannrøntgen utfyller undersøkinga og ved trong tar vi OPG. Det er eit panoramarøntgen der heile tanna, kjevebein, kjeveledd og biholer synes på same bilete (eit tilbod vi har hatt i 25 år). Våre digitale røntgensystem er innkjøpte dei siste åra og gir ein minimal strålemengde.

Implantat

Implantat kan erstatte tap av tenner. Det vert operert inn ein "skrue" av titan i kjevebeinet. På implantatet festar ein ulike typer tannerstatningar, som kroner, broer og protester, avhengig av kor mange tenner som er naudsynt. På tannklinikken Valestrand utfører vi protetikkdelen av implantatarbeidet, og vi utfører implantatprotetikk som vert dekka av Helfo.

Airflow

Airflow er ein smaktilsatt saltblåsing som fjernar overflatemisfarging på tennene, som kan komme av kaffi, te, røyk, rødvin og andre mat- og drikkevaner. Saltblåsingen kjem til på vanskelege stader som i mellom tennene, i tannas djupe groper og fissurar.

Tannbehandlingsangst

Det å ha tannlegeangst er ein av dei vanlegaste angstlidingane. Undersøkingar viser at 5-10% av alle vaksne i Norge unngår å søke regelmessig tannbehandling på grunn av angst. Det betyr at uansett smerter, problem med eting, utsjånaden eller anna- så oppsøkjer ein ikkje tannlege. Har du først bestilt time, har du kome langt. Det første steget er ofte det vanskelegaste, det å ta kontakt og \»overleve\» det første besøket. I første avtale kan vi gjerne bare snakke saman for å bli kjend , og for å kartlegge kva du er redd for og korleis vi kan tilretteleggje for deg i behandlingssituasjon. Hvis du ynskjer kan vi også gjennomføre ei undersøking med røntgen for å få ein oversikt over kva behandling du treng. Tannlegeskrekk kan behandlast. Pasienten må på ein kontrollert måte få hjelp til å utsettes for tannlegesitusjoner som fryktes, gradvis tilvenning i pasientens tempo. God behandling vektlegger at pasienten skal oppleve kontroll og meistring.

Tannkjøttsjukdom

Det fins i hovudsak to typar tannkjøtsbetennelsar. Gingivitt er ein overfladisk tannkjøtsbetennelse som kjenneteiknast ved hevelse, blødning og raudheit. Bakteriebelegg (plakk) fester seg til tennene ned mot tannkjøtet og skapar ein lokal irritasjon. Det er lite plage av denne tilstand. Tannlege/tannpleiar vil hjelpa deg å fjerna bakteriebelegget og visa deg korleis du kan fortsetje å halde tennene reine. God munnhygiene med bruk av tannbørste,tanntråd eller tannstikkere/mellomtannsbørste betrar tilstanden. Periodontitt er ein sjukdom  som fører til at tennenes feste blir øydelagd på grunn av bakteriar ned mot tannkjøtet. I begynnelsen får ein blødning, hevelse og raudheit. Etterkvart løsner fibrene som festar tanna til kjevebein og tannkjøt. Ein får då djupare spalte mellom tann og tannkjøt – kalt tanmkjøtslomme. Betennelsen går djupare i tannkjøtet og ein merkar lite til sjukdomen. Etter fleire år vil tanna løsne og tilslutt falle ut. I sjeldnare tilfelle går denne prosessen hurtigare. Vi veit at fleie forhold påvirker sjukdommen negativt, som f.eks røyking, medisinar, stress, ukontrollert diabetes. Behandlinga er å stoppe sjukdommen. Alle tannflater over og under tannkjøtet samt mellom tennene må haldast reine. Med tannrens fjernar ein bakteriebelegg og tannstein. Utenpå tannstein er alltid bakteriar. Behandlinga av tannkjøtssjukdom med tannløsning  strekkjer seg over fleire behandlingsøkter. Grundig instruksjon i korleis tennene haldast reine er svært viktig for å lukkast med behandlinga. Med rein tann – og rotoverflate vert betennelsen dempa, og nedbrytninga av festeapparatet stanser. Behandling og forebygging av periodontitt er ofte livslang. Tannstein, belegg og bakterier kjem fort tilbake og det er viktig å få rense tennene regelmessig. Folketrygda gir stønad til dekking av periodonttt.’,’Behandling av tannkjøttsykdom’